Helsing frå leiar av profesjonsstyret for undervisning

Oddhild Klevberg Kirkelig Undervisningstjeneste
Oddhild Klevberg (Foto: Helene Moe Slinning)

Hei, eg heiter Oddhild Klevberg, og er leiar for profesjonsstyret for undervisning. Eg bur i Alta, og her har eg vore kateket sidan 1987. Å vere kateket er for meg eit kall og ei viktig teneste i kyrkja.

Oddhild Klevberg Kirkelig Undervisningstjeneste
Oddhild Klevberg (Foto: Helene Moe Slinning)

Som leiar i profesjonsstyret for undervisning sit eg også i sentralstyret og generalforsamling. For meg er det viktig å ha særleg fokus på undervisningsspørsmål i dei samanhengane. Profesjonsstyret har 5 faste medlemmer, og 3 varamedlemmer, alle valde blant undervisningstilsette Spir-medlemmer.

Profesjonsstyret skal primært jobbe med fag og saker som er særskilt retta mot undervisning, og eg håper at det kan bidra til fagleg støtte for dere.

Det er vedtatt eige mandat for styret, der det blant anna står at vi skal «fremme arbeidet for og blant kateketer og pedagoger, og bidra til å utvikle og ivareta kollegialt fellesskap, og fremme undervisningstjenestens interesser internt i organisasjonen.» Vi skal jobbe med fag, typiske fagforeiningssaker høyrer heime i tillitsvald-apparatet.

Profesjonsstyret hadde sitt første møte 15.januar, og dei fleste møte er digitale. Dette første året har vi hatt mange høyringssaker og saker som har vore viktige for oppstart av nytt forbund.

Det er viktig for oss å følge både saka om tilskuddsforvaltning og rammeplan for Kyrkjeleg undervisning og læring. Spanande er det også å vere med å finne det beste alternativet til omgrepet «lek» kyrkjeleg tilsett.

Kva ønsker du at vi skal jobbe med?

Vi vil gjerne få innspel til saker vi skal jobbe med. Ta kontakt med oss om det er noko du brenn for.